Kva er dei mest viktige tema i Kaniaw?
Eg skal no presentere nokre av dei viktige tema i Kaniaw. Eg skal det fordi boka Kaniaw inneheld mange viktige og relevante tema. Desse tema er ikkje berre relevante for boka men også i dagleglivet.
Boka Kaniaw handlar om ein ung kurdisk kvinne som har voks opp i Noreg. Ho går i mot foreldras vilje og blir saman med ein norsk gut (Dag). Kaniaw skal eigentleg tvangsgiftes med sonen av hennar far sin venn. Når Kaniaw nektar det og flyttar saman med Dag blir ho avskrivi frå familien. For å gjere det betre reiser ho ned til Kurdistan for å sei i frå til sin framtidige mann at ho ikkje skal gifte seg med ham. Det er denne reisa Kaniaw handlar om.
Nokre viktige tema i Kaniaw er møte mellom kulturar, familieverdiar, kontroll og kvinneundertrykking.
I denne boka er møte mellom kulturar eit veldig sentralt tema gjennom heile boka. Kaniaw som har vekse opp i ein kurdisk familie i Noreg er midt i mellom desse to kulturane. Ho kjem frå ein familie som er klar til å gifte henne vekk til ein ho ikkje kjennar, men Kaniaw har heller funnet ein norsk gut ho vil verre saman med. I Norsk kultur blir ein ikkje gifta vekk. Det at foreldra ikkje vil at ho skal ha ein god utdaning men heller vil at ho skal ha eit typisk kvinneyrke er ikkje vanleg i Noreg. I Noreg er det vanleg at mange kvinner har god utdanning, men i Kurdistan er det ikkje alltid så vanleg at kvinner jobbar. Når Kaniaw reiser ned til Kurdistan må ho også dekkje seg til med meir klede enn ein brukar i Noreg. Dette visar ulike møter mellom kulturar og kor forskjellige kulturane er.
Syn på kvinner er også forskjellig frå dei to land. I Noreg prøvar vi å likestille begge kjønna så godt som muleg, men når Kaniaw besøker eit senter for kvinner får ho høre ein del historier. Kvinner som treng hjelp frå ein advokat fordi dei har opplevd vald. Nokon av dei har syreskadar fordi dei har vært «uttro», men eigentleg har dei blitt voldtake.
Korleis faren har bestemt at ho skal gifte seg med ein han har valt ut viser korleis han har kontroll over dottera. Det går også innom familieverdiar. Familien skal halde saman og Kaniaw må gjere som faren seie. Det er jo på grunn av faren at Kaniaw har lagt ut på denne reisa. For faren hennar er det viktig og oppretthalde sin plass, og mannen hennar må vere ein som er i same «rang» som dei. Det er også veldig viktig at mannen hennar er kurdisk.
Gjennom boka vises det heile tida kulturforskjellar. Frå landskapet til arbeid. At mange menn har som jobb i Kurdistan å fjerne minar viser kor annleis det er mellom Noreg og Kurdistan. Korleis dei gjer det også, på ein så utrygg måte er heilt forskjelleg frå kva ein hadde gjort i Noreg.
Dette er ikkje dei einaste tema i Kaniaw som er viktig. Det er mange fleir som er viktig, men dei eg valde følte eg var mest relevante.
No comments:
Post a Comment