Followers

Thursday, January 19, 2012

Fyrste utkast av nynorsk oppgåve

Kva er dei mest viktige tema i Kaniaw?
Eg skal no presentere nokre av dei viktige tema i Kaniaw. Eg skal det fordi boka Kaniaw inneheld mange viktige og relevante tema. Desse tema er ikkje berre relevante for boka men også i dagliglivet.
 Boka Kaniaw handlar om ein ung kurdisk kvinne som har vaks opp i Noreg. Ho går i mot foreldras vilje og blir saman med ein norsk gut (Dag). Kaniaw skal eigentleg tvangsgiftes med sonen av hennar far sin venn. Når Kaniaw nektar det og flyttar saman med Dag avskrivas ho frå familien. For å gjere det betre reiser ho ned til Kurdistan for å sei i frå til sin framtidige mann at ho ikkje skal gifte seg med ham.  Det er denne reisa Kaniaw handlar om.
Nokre viktige tema i Kaniaw er møte mellom kulturar, familieverdiar, kontroll og kvinneundertrykking.
I denne boka er møte mellom kulturar eit veldig sentralt tema gjennom heile boka. Kaniaw som har vekst opp i ein kurdisk familie i Noreg er midt i mellom desse to kulturane. Ho kjem frå ein familie som er klar til å gifte henne vekk til ein ho ikkje kjennar, men Kaniaw har heller funnet ein norsk gut ho vil verre saman med. I Norsk kultur blir man ikkje giftet vekk. Også det at Kaniaw vil ha ein god utdanning mens familien vil heller at ho skal bli noe som er typisk «dame yrke» (som ikkje krev mykje utdanning) er ikkje typisk norsk kultur. I Noreg er det vanlig at mange kvinner har god utdanning mens i Kurdistan er det ikkje alltid så vanleg at kvinner jobbar. Når Kaniaw reiser ned til Kurdistan må ho også dekkje seg til med meir klede enn ein brukar i Noreg. Dette visar ulike møter mellom kulturar og kor forskjellege kulturane er.
Syn på kvinnar er også forskjellig frå dei to landa. I Noreg prøvar vi å likestille begge kjønna så godt som muleg mens når Kaniaw besøker eit senter for kvinnar får ho høre ein del historier. Kvinnar som trenger hjelp frå ein advokat fordi de har opplevd vold. Nokon av dei har syreskadar fordi dei har vært «uttro», men eigentleg har dei blitt voldtatt.
Korleis faren har bestemt at ho skal gifte seg med ein han har valt ut viser korleis han har kontroll over dottera.  Det går også innom familieverdiar. Familien skal halde saman og Kaniaw må gjere som faren seie. Det er jo på grunn av faren at Kaniaw har lagt ut på denne reisa. For faren hennar er det viktig og oppretthalde sin plass, og mannen hennar må verre ein som er i same «rang» som dei. Det er også veldig viktig at mannen hennar er kurdisk.   
Gjennom boka vises det heile tida kulturforskjellar. Frå landskapet til arbeid. At mange menn har som jobb i Kurdistan å fjerne minar viser kor annleis det er mellom Noreg og Kurdistan. Korleis dei gjer det også, på ein så utrygg måte er heilt forskjelleg frå kva ein hadde gjort i Noreg.
Dette er ikkje dei einaste tema i Kaniaw som er viktige. Det er mange fleir som er viktige, men dei eg valde følte eg var mest relevante.

5 comments:

  1. This comment has been removed by the author.

    ReplyDelete
  2. Du har gjort ein veldig bra jobb med denne teksten, eg likar kva du har gjort med å presentere tema i romane.

    ReplyDelete
  3. Eg syns at du har gjort ein god jobb med oppgåva. Du har gått inn i romanen og beskreiv veldig mykje detaljer i den. Det syns eg er fantastisk og interessant å lese på. Fortsett med det!

    ReplyDelete
  4. Du har heilt klart gjort ein god og engasjert jobb med innlegget. Eg syntes det var interessant å lesa og du har god grammatikk.

    Einaste skrivefeilen er at du manglar eit komma framfor «men»
    For å forbetre litt meir så kunne du ha gjort oppsettet litt meir ryddig.

    Bra jobba!

    ReplyDelete
  5. Dette var ein ryddig og fin blogg, Emma! Du skriv godt og har med mange relevante tema. Eg vil rå deg til å jobbe mest med språket når du skal skrive om på teksten din. Du har nokre nynorskfeil, særleg når det gjeld rettskriving. Bruk ordboka og slå opp. Nokre av setningane dine er og litt lange, og kan hende kan du gjere dei meir "tydlege"?

    ReplyDelete